Jenta mi


Då er det vel på høg tid med ein presentasjon av ho som drog meg til den andre sida av kloden:

Silvana (Silvi) er utdanna advokat, og underviser for tida på universitetet her. Fredag var me på universitetets julebord, og ho klarte å dra meg ut på dansegolvet opptil fleire gongar. På bildet er me klare til avgang.

Me feirar dag nesten på same tid, ho venta til dagen etter meg og er 5 år yngre. Kjekt med ungt følge ;)

Ho er ein aktiv bloggar, og hjalp meg med denne sida her. Elles er ho musikkinteressert, sjølv om musikksmaken hennar er meir lik musikken bror min høyrar på. Glad i dyr (har jo El Dodo som vart presentert her om dagen) og ikkje minst språkmektig. Spansk, engelsk, fransk og italiensk er språka ho beherskar no. Norsk kjem om litt :)

Hunden


El Dodo, den franske puddelen, herjer i huset. Ein liten tass som elskar å vere i vegen, bli klødd på magen og snike til seg ein ekstra matbit i ny og ne. Eg nyttar høve til å lære guten litt folkeskikk, medan dei andre skjemmar han bort.

Vel, eg gjer vel det eg og til tidar.


Luciadagen


Då har me feira Luciadagen her nede i Ecuador óg. I går var det bakedag for meg og mi kjære .

Lucia er ein helgen frå Sicilia, som av ein eller anna grunn har fått fotfeste i Norden, og då aller mest i Sverige.

Oppskrifta på Lussekattene takkar eg TINE for.