Iskrem

Det eg frykta mest før eg dro til Ecuador, var at dei ikkje hadde iskrem. ( :D Hehe) Etter fleire bekreftande meddelande frå mi kjære om at iskremen i Ecuador var veldig god, valgte eg å reise ned til ekvator.


Heimelaga iskrem er vanleg her i huset, og i tillegg har Ecuador Helado de Salcedo som er utruleg godt. Ispinnen kostar heile $ 0,50. Kroneisen kan berre ta seg ein pinne.

Iskremen er stor sett laga av frukt, som det er mykje av i Ecuador. Nypressa jus og diger fruktkurv er berre noko av det heimen byr på.

Om bloggen

I oktober 2009 hadde eg ein einvegsbillett til Ecuador, og snart 2 mnd seinare er eg framleis her. Kjærleik får mann ut av huset, og ikkje minst ut av Europa. Så medan mi kjære bloggar i veg, er det vel på høg tid at eg skriv litt om mi erfaring om livet i Ecuador. Vel møtt i fantastiske Cuenca!

Kontakt meg




Namn

E-post

Heimeside

Melding

IQ-test
captcha
Skriv inn teikna i rubrikken:
[ Nytt bilde ] [ Kva er dette? ]