Tur til Ingapirca



Ingapirca er eitt av dei beste monumenta frå Inka-tiden i Ecuador. Me hadde ein dagstur ut til stedet under karnevalet i februar. Eg slapp inn som Ecuadorianer, hehe, ettersom turistar må betale litt meir i inngangspengar.

Ingapirca er eitt tempel for sola, som hadde ein særs viktig posisjon i Inka-religionen. Diverre er restane av templet i dårleg forfatning, og stedet kan verkeleg trenge rehabilitering. Muren er prega av tid og vêr.




Dei har og bygd ein modell av eit Cañari hus. Cañaris var folket som budde her før Inkaene inntok området. Dei kjempa lenge mot overmakta som Inkaene representerte, men måtte til slutt gje tapt. Tumebamba /Tomebamba er forløparen til Cuenca.






Restar av dei mange bygningene visar litt av området. Og med litt fantasi kan ein sjå eitt ganske imponerande tempelområde. 

Diverre var me ikkje heilt heldige med vêret, så det vart ikkje mogleg å ta turen opp til eit fjell i nærleiken  som ser ut som andletet til ein Inka. To timar i regnvêr var lite freistande, så me hadde ein betre lunsj i staden.